Noko
av det flottaste med å ta over ein gammal hage er herlege
rabarbraplanter. Eg bestemde meg fort for å prøve å lage
rabarbralikør. Eg fant ei oppskrift på Ulla-Bella sin blogg og sette i
gong. Etter kun eit par dagar fekk likøren ein herleg grønfarge, og eg
gler meg til å smake på likøren om nokon månader.
Oppskrifta:
1. Skrell 4-5 rabarbrastilker, og del dei opp i mindre bitar
2. Legg rabarbrabitane i eit glas saman med 5 dl sprit (45%).
3. La dei ligge og trekkje i ca 14 dagar
4. Fjern rabarbraen, sil blandinga, og tilsett ca 3 dl sukker.
5. Vend/rist likøren kvar dag til alt sukkeret er løyst opp.
6. La likøren stå og godgjere seg i minst 2 månader
Tips:
- Ha blandinga i eit heilt tett glas, gjerne tilsvarande noregsglas. Då er det lettare å vende likøren utan søl.
- Legg gjerne ei kanelstang, sitronmelisse, eller anna, i blandinga for å setje ekstra smak og personleg preg på likøren.
Oppskrifta finn du og på Ulla-Bella sin blogg: http://anitatormoen.blogspot.no/2011/06/sommer-pa-flaske.html
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar