mandag 19. august 2013

Chili og Tomater

No som vi endeleg har større plass har vi fått både chili- og tomatplantar i hus. Vi er så heldige å ha ein vinterhage og der trivast plantane utruleg godt. Det er kjekt å sjå at vi snart kan ete chili og tomatar frå eigen hage.

Cherrytomatar



Desse tomatane kjem faktisk frå frøa til litt overmodne cherrytomatar. Tomatane var kjøpt i butikk og hadde låge litt for lenge, så dei kunne ikkje etast. Vi var spente på om det blei noko avling på dei, og som de ser fungerte det ypperleg.


Chili


Til Chiliplanten vart det kjøpt frø på gartneriet. Planten er dekorativ, med flotte, mørkegrøne blad, i tillegg til at det kjem mykje chili på han etter kvart.

fredag 16. august 2013

Oppussing av teglsteinsmur og -pipe

Då vi bestemde oss for å pusse opp kjøken og stove som vårt første store oppussingsprosjekt fekk vi vite at det var ein gamal teglsteinsmur og - pipe som gøymde seg bak muspuss, tapet og maling. Den ville vi sjølsagt ha fram. Det viste seg å bli litt meir arbeid enn vi fyrst hadde tenkt, men vi håpar og trur det vil vere verd alt arbeidet til slutt. 

Slik såg muren på eine sida ut før eg sette i gang. Listene og mykje av tapeten er allereie fjerna her: 



Og vi er i gong:


Her er det ytste laget med murpuss fjerna. No er det kun finpuss og behandling av muren att (+ 3 veggar til av same storleik):






onsdag 14. august 2013

Rabarbralikør

Noko av det flottaste med å ta over ein gammal hage er herlege rabarbraplanter. Eg bestemde meg fort for å prøve å lage rabarbralikør. Eg fant ei oppskrift på Ulla-Bella sin blogg og sette i gong. Etter kun eit par dagar fekk likøren ein herleg grønfarge, og eg gler meg til å smake på likøren om nokon månader.  

Oppskrifta: 

1. Skrell 4-5 rabarbrastilker, og del dei opp i mindre bitar
2.  Legg rabarbrabitane i eit glas saman med 5 dl sprit (45%).
3. La dei ligge og trekkje i ca 14 dagar
4. Fjern rabarbraen, sil blandinga, og tilsett ca 3 dl sukker.
5. Vend/rist likøren kvar dag til alt sukkeret er løyst opp.
6. La likøren stå og godgjere seg i minst 2 månader

Tips: 

- Ha blandinga i eit heilt tett glas, gjerne tilsvarande noregsglas. Då er det lettare å vende likøren utan søl. 
- Legg gjerne ei kanelstang, sitronmelisse, eller anna, i blandinga for å setje ekstra smak og personleg preg på likøren.


Oppskrifta finn du og på Ulla-Bella sin blogg: http://anitatormoen.blogspot.no/2011/06/sommer-pa-flaske.html